Reinhaldet var heilt perfekt. Hyggeleg betjening. Dei kunne svært lite engelsk, men vi kommuniserte via KI. Frukostrestauranten var ei slags kantine. Veldig eksotisk konsept for ein nordmann. Enormt utval av mat, men alt var ferdigretter som du måtte peika på, så la damene bak disken opp på ein tallerk til deg. Maten var ikkje av den beste, men det var råd å finna noko godt kvar dag, og det var gøy å eta noko annleis. Her kan du få deg hestekøjt til frukost, for å seia det sånn. Fann aldri god kaffi i kafeen, men kjempegode kaffebarer både på gateplan og i 22. etg (men vanvittig god utsikt). Ein liten daglegvareforretning i bygget som hadde ope til 12 kvar kveld. Rommet var ein eittromsleilegheit med alt du treng: kjøleskap, strykebrett, koketopp, kjøkkenhalvøy.